Om Gravset

Gravset skianlegg er Hemsedal IL langrenn sin arena.

Rundt 1990 starta jobben med Gravset skianlegg. 2km, 3km og 5 km vart anlagt som konkurranse trasear i samsvar med Skiforbundet sine krav. Det vart også opparbeida parkeringsplass og skistadion. I 1999 starta arbeidet med lys i 2km og 3km. Denne jobben var ferdig hausten 2000. I 2004 vart det også lys i 5km og i 2007 var ny målbu på plass. I 2009 vart det lys i 750m og 1km sløyfene.

Sommaren 2011 vart reguleringsplanen for Gravset vedteke, og nye mogelegheitar opna seg for langrennsgruppa. Så sommaren 2012 bretta langrennsentusiastar, leia av ei framifrå anleggsnemd, opp armane og Gravset fekk kunstsnøanlegg. Dette anlegget kan leggje snø i 750m, 1km, 2 km samt i skileikområdet som vart rydda og lyssett sommaren 2013. Anlegget har potenisale til å leggje kunstsnø i 3km også, men her har me ikkje  røyrgater enn så lengje.

Det nyaste utviklingstrinnet på Gravset er eit klubbhus. Dette er den største enkelt investeringa i Gravset skianlegg, men også den viktigaste… Offisiell opning var 20.12.2014!

Når ein tenkjer på at dette flotte anlegget er utforma og byggja på dugnad med gode lokale entrepenørar, lettvinde grunneigarar, Hemsedal utmarksservice, investorar og ikkje minst ein entusiastisk gjeng i langrennsgruppa på lag så vert ein ikkje så reint lite stolt.

Me håpar du også får stor glede av anlegget på Gravset, og ynskjer deg god tur.

Foto Gisle Klute
Gravseteftan
Foto Gisle Klute
Gravseteftan

Sjå fil av åpninga av snøkanonanlegget.